Om Fjell og Fritid

Fjell og Fritid vart opna den 30. august 1990. Vi heitte da Mesna Sport, Lom. Dette fordi vi hadde eit samarbeid med Mesna Sport på Lillehammer. Etter ca 4 år gjekk vi ut av samarbeidet og fekk vårt eige, meir passande namn.

I 2004 flytta vi inn i våre eigne lokale ved sida av det kjente Bakeriet i Lom.

Vi er medlem av butikkjeda Stadion. Dette er Noregs einaste butikkseide kjede. Vi har kontor og lager i Sarpsborg. Kjedetilknytinga vår er alfa og omega for oss da vi kan ha kontakt med dei leverandørane vi ynskjer. Fleire og fleire butikkar blir i større grad styrt av sine kjeder slik at dei ikkje har full handlefridom. Derfor ser vi stadig at sportsbutikkar blir like å sjå på, kanskje noko kjedelege.

Vårt mål er å være ein nisjebutikk. Hjå oss skal du finna noko du ikkje ser OVERALT. Vi vil at du skal føle deg velkomen når du har gjort oss den ære å besøke oss. Her skal du få hjelp og informasjon av medarbeidarar som verkeleg brenn for yrket sitt.

Det er med ein viss stoltskap vi nå legg ut vår nye heimeside. Vi har mange kundar som ikkje har høve til å besøke oss så ofte som vi nå kan treffe oftare. Slik kan også desse få informasjon om kva vi held på med.

Til slutt vil eg ynskje både gamle og nye kundar velkomen innom Fjell og Fritid. For å bli stadig betre er vi også avhengig av både ris og ros. Legg gjerne att kommentarar på heimsida vår. Vi vil gjerne vårt yttarste for at du skal bli fornøgd.

Sportsleg helsing
Jon

4 uker siden

Fjell og Fritid
Opningstider i påska🐣Måndag, tysdag og onsdag kl 9-17Påskeeftan kl 9-15Velkomen innom💛🐣GOD PÅSKE🐣 ... Se merSe mindre
Se på Facebook

2 måneder siden

Fjell og Fritid
🩷MORSDAG🩷 #gavetips #morsdag #gjernokonglad #heimkjær #fjellogfritid ... Se merSe mindre
Se på Facebook

3 måneder siden

Fjell og Fritid
Telefonen vår er i orden att, og du kan nå oss på 61211799. Velkommen innom i januarkulda! ... Se merSe mindre
Se på Facebook

4 måneder siden

Fjell og Fritid
Velkomen innom oss dei siste dagane før jul, eller i romjula ❤️ Slit du med å finne ut av dei siste gavene? Hugs at eit gavekort kan aldri bli feil. #heimkjær #visitjotunheimen #julestri #gavetips #romjul ... Se merSe mindre
Se på Facebook

4 måneder siden

Fjell og Fritid
Velkommen innom i innspurten, eller i romjula <3 ... Se merSe mindre
Se på Facebook