Fjell og Fritid opna den 30. august 1990 i eit lite laftehus som vart kalla Utgard i Fosstugu i Lom sentrum. Vi heitte den gongen “Mesna Sport, Lom” og samarbeida med Mesna Sport på Lillehammer. I 1991 gjekk vi ut av samarbeidet og tok namnet Fjell og Fritid.
Framtida til laftehuset vi leigde var lenge usikker, og vi var slett ikkje ferdige med å gje butikken ei sjanse, og trong forutsigbarheit. I 1995 gjekk ferda difor vidare til kjellaren av det nybygde Flækøybygget som vart sett opp mellom Fosstuguhuset og Kræmarhuset. Her leigde vi husrom i ni år.
Så kom det ein bakar til Lom. Morten heitte han og var ein triveleg og målretta kar det var rå å samarbeide med. Han ville bygge seg eit bakeri, og vi ville bygge eigen butikk. Etter 14 år som leigebuarar fIytta vi i 2004 endeleg inn i våre eigne lokale ved sida av det kjende Bakeriet i Lom.
Ti år seinare flytta lokalmatbutikken Smak i Lom inn på den andre sida, i huset etter den gamle bokhandelen i Lom. Få år seinare, i 2017, opna også Brimibue sitt hotell med restaurant på Murgarden, ved sidan av Kræmarhuset. Denne delen av Lom sentrum har vore gjennom ei stor utvikling desse åra, og er i dag fylt av yrande liv gjennom heile sommaren.
Det er godt å vere heime i sitt eiget, med travle somrar og gode naboar gjennom lange vintrar. Målet vårt er å vere ein nisjebutikk. Hjå oss skal du finne noko du ikkje ser overalt. Vi er medlem av butikk-kjeda Stadion, med kontor og lager i Moss. Dette er Noreg sin einaste butikkeigde kjede. Kjedetilknytinga vår er alfa og omega for oss, og gjer at vi kan ha kontakt med dei leverandørane vi ynskjer sjølve. Denne fridomen er noko av det som skil oss frå dei store kjedene kring oss.
Vi vil at du skal føle deg velkomen når du kjem innom, og blir glade for å sjå både kjende og nye ansikt. Vi ynskjer å finne tid til deg både gjennom hektiske somrar og langsame vintre, og håpar butikken vår kan vere ein fast stoppestad, anten du er lokal eller langvegsfarande. Til lyden av elvedur og lukta av gjærbakst.
Sjåast i Fosstugu!