Om Fjell og Fritid

Fjell og Fritid vart opna den 30. august 1990. Vi heitte da Mesna Sport, Lom. Dette fordi vi hadde eit samarbeid med Mesna Sport på Lillehammer. Etter ca 4 år gjekk vi ut av samarbeidet og fekk vårt eige, meir passande namn.

I 2004 flytta vi inn i våre eigne lokale ved sida av det kjente Bakeriet i Lom.

Vi er medlem av butikkjeda Stadion. Dette er Noregs einaste butikkseide kjede. Vi har kontor og lager i Sarpsborg. Kjedetilknytinga vår er alfa og omega for oss da vi kan ha kontakt med dei leverandørane vi ynskjer. Fleire og fleire butikkar blir i større grad styrt av sine kjeder slik at dei ikkje har full handlefridom. Derfor ser vi stadig at sportsbutikkar blir like å sjå på, kanskje noko kjedelege.

Vårt mål er å være ein nisjebutikk. Hjå oss skal du finna noko du ikkje ser OVERALT. Vi vil at du skal føle deg velkomen når du har gjort oss den ære å besøke oss. Her skal du få hjelp og informasjon av medarbeidarar som verkeleg brenn for yrket sitt.

Det er med ein viss stoltskap vi nå legg ut vår nye heimeside. Vi har mange kundar som ikkje har høve til å besøke oss så ofte som vi nå kan treffe oftare. Slik kan også desse få informasjon om kva vi held på med.

Til slutt vil eg ynskje både gamle og nye kundar velkomen innom Fjell og Fritid. For å bli stadig betre er vi også avhengig av både ris og ros. Legg gjerne att kommentarar på heimsida vår. Vi vil gjerne vårt yttarste for at du skal bli fornøgd.

Sportsleg helsing
Jon

3 dager siden

Fjell og Fritid
DAMESKJORTER 🧡 Vi har ikkje berre skjorter til herrane. Her har Mari på seg flanell frå @fjallravenofficial, 100% ullskjorte frå @aclima_norway og skjorter i ull-og bomullsblanding frå @norrona. Dette er eit utval. Velkomen innom. Vi har open frå kl. 9-16 heile pinsehelga 🇳🇴 #heimkjær #komtillom #visitjotunheimen #maidager #pinse #norrøna #fjällräven #aclima #LOM #fjellogfritid ... Se merSe mindre
Se på Facebook

4 dager siden

Fjell og Fritid
GOD FREDAG ☀️ Jo har fått på seg nokre av skjortene vi har i butikken nå. Så mykje fint! Gode kvalitetar av ull, bomull og lyocell (meire miljøvennleg variant av viskose) 🌱 Hjå oss finn du mellom anna skjorter frå @aclima_norway , @fjallravenofficial , @norrona , @houdinisportswear, @kavu. #heimkjær #visitjotunheimen #komtillom #sommer #norrøna #fjällräven #aclima #kavu #houdini #norgesferie #gudbrandsdalen ... Se merSe mindre
Se på Facebook

1 uke siden

Fjell og Fritid
Nydeleg vær i Lom i dag☀️ Vi har nå sondagsope 9-15.Velkomen😊#fjellogfritid #heimkjær #visitjotunheimen ... Se merSe mindre
Se på Facebook

4 uker siden

Fjell og Fritid
Robuste drikkeflasker og koppar!Kan brukast til både varme og kalde drikker😊#fjellogfritid #heimkjær ... Se merSe mindre
Se på Facebook

2 måneder siden

Fjell og Fritid
Alle som handlar hjå oss i morgon er med i trekninga av dette påskeegget ☀️🐣 Vi gjev burt eit påskeegg! 🐣Vinn dette flotte påskeegget verdt 1200kr! Med varer frå Smak i Lom, Fjell og Fritid, Bakeriet i Lom og Skogstad Lom!Alle som handler hjå ein eller fleire av oss fire under Påskedag under Lomseggen måndag 3.april, frå 12-15, er med i trekninga! Skriv på namn og tlf.nr på kvitteringa di og legg i boksen ved sidan av kassa! Vi trekk ein vinnar på slutten av dagen - må hentast i Lom 👍God påske og velkomen til ein triveleg handel hjå oss nede ved Prestfossen 🐣 ... Se merSe mindre
Se på Facebook